Slutt på hurtigbåt til/frå Godøya

Vegvesenet meldar at frå søndag 3. februar blir det kolonnekøyring heile døgnet i Godøytunnelen. Hurtigbåtsambandet mellom Godøya, Valderøya og Ålesund blir derfor avslutta.

- I februar nærmar vi oss slutten av anleggsarbeidet og det blir mogleg å ha kolonnar gjennom tunnelen heile døgnet. Med hyppigare og fleire kolonnar er det ikkje lenger behov for hurtigbåten, og båten vil derfor gå sine siste turar laurdag 2. februar, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland.

FRAM vil informere nærmare om korleis bussrutene blir når det ikkje lenger går hurtigbåt mellom Godøya, Valderøya og Ålesund.

Godøytunnelen har sidan november i fjor vore stengt med kolonnekøyring til faste tidspunkt, og heilt stengt på natta. Tunnelen utbetrast for å bli tryggare, og i april neste år skal arbeidet vere ferdig.- Dei som bruker tunnelen har vore utroleg tolmodig, og vi ser fram til å levere frå oss ein tryggare tunnel før påske. Tryggleiken blir heva betrakteleg med kameraovervaking, betre lys, nytt sikkerheitsutstyr, brannsikring, ny asfalt og vannsikring som held tunnelen tørr, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland.

Planlagt trafikkavvikling frå søndag 3. februar, det kan bli mindre justeringar.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om eksakte klokkeslett:

Kl. 07.00-08.30

Fri ferdsel, eller kolonnar kvart 20 min frå kvar side (faste tidspunkt)

Kl. 08.30-15.30

Kolonnar kvar halvtime frå kvar side (faste tidspunkt)

Kl. 15.30-17.30

Fri ferdsel, eller kolonnar kvart 20 min frå kvar side (faste tidspunkt)

Kl. 17.30-21.00

Kolonnar kvar halvtime frå kvar side (faste tidspunkt)

Kl. 21.00-07.00

Kolonnar kvar time frå kvar side (faste tidspunkt)


https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelermidt/nyhetsarkiv/fjernar-hurtigbaten-og-koyrer-fleire-kolonnar-i-godoytunnelen-fra-februar