Skuleelevar i Giske på Ungt Entreprenørskaps-besøk

Giske kommune og skulane i kommunen har i fleire år arbeidd saman med næringslivet som del av programmet til Ungt Entreprenørskap etter ei avtale som vart godkjent av kommunestyret i 2016.

Valderøy Ungdomsskule har arbeidd spesielt med eit besøksprogram til fiskeri og landbruk. Skulen kunne forleden difor sende nær 100 8.-klassingar på besøk i to dagar til primærnæringane for å oppleve fiskelukta, verdsleiande leverandørbedrifter til fiskeindustrien og sjå korleis t.d. ein mjølkerobot arbeider i moderne gardsbruk på Vigra. 

Giske kommune sitt nyaste bidrag til Ungt Entreprenørskap er eit spesiallaga prosjekt ut i frå Giske sin plass blant dei 5 største fiskerikommunane i landet i tillegg til at kommunen har eit omfattande og moderne landbruk, og der bedriftene og Valderøy Ungdomskule har utvikla eit nært og godt samarbeid. 

Tilbakemeldingane so langt er svært positive, og vi har tru på at fleire av elevane har fått interesse for å søke jobb i primærnæringane i framtida.

Giske kommune deltek i Ungt Entreprenørskap som eit nasjonalt tiltak mellom anna for å styrke barn og ungdom si interesse for framtidig arbeid i næringslivet. I Giske har fleire av skulane i mange år bl.a. deltatt i tema som Gründercamp, Innovasjonscamp, Vårt Lokalsamfunn og Sikk-Sakk Europa saman med næringskontoret og bedriftene. 

Sjå avisutklipp frå Øy-Blikk 07.06.19.