Nye Giske ungdomsskule

Styringsgruppa ønskjer å jobbe vidare med modulbygg ved Valderøy ungdomsskule.

 

På grunn av manglande anbod til ombygging av Godøy skule og Pyramiden, og ei endra vurdering av mulegheita for nye areal for Kingelveven, er det utforma ei alternativ løysing. Planen for ombygging ved Godøy går vidare, mens styringsgruppa ønskjer å gå for modulbygg ved Valderøy ungdomsskule. 

Intervju er i gong med søkjarar til ledige stillingar som avdelingsleiarar i den nye skulestrukturen.

Ny invitasjon til aktuelle firma er sendt ut, med same innhald, men meir detaljert beskriving.

Det vert arbeidd vidare med eige anbod for parkering og trafikk på austsida ved Godøy skule.

Prosjektgruppe for bygning Giske ungdomsskule

Det er beslutta å gå for eit anna alternativ enn Pyramiden for å skaffe nødvendig tilleggsareal for Giske ungdomsskule. Dagens brukarar vil halde fram med å bruke Pyramiden, mens styringsgruppa no går for oppsett av modulbygg ved dagens Valderøy ungdomsskule. Dette modulbygget vil ha kapasitet til eitt heilt klassesteg, slik planen også var for Pyramiden. Bruk av modulbygg som erstatning for Pyramiden er godt motteke av dei tilsette ved Valderøy ungdomsskule, som har positiv erfaring med denne type bygg. Modulbygg vart sendt ut på anbod før påske.

Prosjektgruppe for utvikling av ein felles Giske ungdomsskule

Det er i mars gjennomført heildagssamling for personalet ved den nye ungdomsskulen, med hovudfokus på inkludering og felles verdiar i ein ny skule. Det er planlagt to nye heildagssamlingar i april, der ein arbeider med organisering og innhald i nye Giske ungdomsskule.

Det er i denne perioden også gjennomført møte for interim-FAU ved den nye ungdomsskulen. Det er sendt ut orientering om prinsipp for etablering av klassene, samt orientering om vidare arbeid utover våren for å kople saman personale og elevar for oppstarten til hausten.

I neste periode :

  • Samla pris for ombygging av Godøy skule og modulbygg for Giske ungdomsskule vil vere klar i slutten av april.
  • Dersom framdrifta i prosjektet blir som planlagt, vil byggearbeida både for modulbygg og ombygging ved Godøy skule starte i midten av mai, med sikte på at arbeida skal vere ferdige til skulestart august 2021.
  • 20.04 og 29.04 er det heildagssamlingar for personalet ved Giske ungdomsskule.