NY AVTALE OM KOMMUNALE GRÜNDERTENESTER

Fv.: landbruksrådgjevar Kårstein Haram, rådgjevar Aud Lindset Drågen, finansieringsrådgjevar Mari Dorte Jønland Michaelsen, programleiar May-Britt Roald, kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen, næringssjef Henrik Wang, ordførar Harry Valderhaug.   Giske kommune har underteikna fornya partnerskapsavtale om å ha ei førsteline-teneste for etablerarar for dei neste 4 åra .

Avtalen seier at Giske kommune skal tilby hoppid.no-tenester for gründerane i kommunen. Til gjengjeld får kommunen bl.a. delta i eit kompetanseprogram for næringsansvarlege, og etablerarane får tilgang til alle kurs, nettportalen «Gründerhjelpen» og næringsfond som hoppid.no tilbyr gjennom den kommunale avtalen.

I møtet for å underskrive avtalen deltok kommuneleiinga og representantar for Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hoppid.no er eit program der alle kommunane i Møre og Romsdal deltek,  med tilbod om kompetent og uavhengig etablerarhjelp til alle som vil starte eiget firma. Tenestene i Giske vert utført av næringskontoret i kommunen som frå nyttår av går inn i ei felles eining med kultur og service.

God etablerarvekst

Næringssjef Henrik Wang viser til at Giske kommune har lukkast med si etablerarsatsing gjennom hoppid.no sidan 2006-07: Giske kom på 11. plass i NHO sitt nyaste Kommune-NM, og er i det øvste skiktet i fylket med 11 nyetableringar pr. 1000 innbyggarar.

Programleiar May-Britt Roald frå hoppid.no fortel at dei fleste av dei 92 nye føretaka i Giske i 2019 er i gruppa Bygg- og anlegg samt Teknisk tenestyting, eigedomsdrift. Overlevingsraten etter 5 år er på 35,7%, og ligg over gjennomsnitt både i fylket (34,9%) og landet elles (29,8%).

Stor næringsaktivitet gjennom lnnovasjon Norge

Dorte Jønland Michaelsen frå Innovasjon Norge peika på at Møre og Romsdal også ligg i fremste rekke når det gjeld utviklingsaktivitet. Fylket ligg på 2. plass i Noreg m.o.t. tildelte statlege lån og tilskot til næringsføremål, og der fiskeri og skipsbygging ligg høgt på lista. Landbruket i kommunen har mottatt 30 mill kr siste 4 år i statlege lån og tilskot, medan Innovasjon Norge har bidratt med 7,1 mill kr i lån/ tilskot til 10 søkjarar.

Landbruket i utvikling

Kårstein Haram frå landbrukskontoret fortel at jamvel om det er stadig færre gardsbruk i Giske – som også i resten av landet – opprettheld eller aukar dei 28 aktive bruka i kommunen produksjonen av kjøt og mjølk. Den nye generasjonen unge gardbrukarar satsar på landbruket, og bidreg med mange nye idear. I 2016 vart difor også Blindheim Samdrift kåra til Årets Bedrift i Giske. Hoppid.no-programmet er spesielt aktuelt for dei i landbruket som t.d. skal starte småskala-drift med kortreist mat, reiseliv/ turisme o.l.