Nord Helikopter - Årets bedrift 2017 i Giske

fv. ordførar Harry Valderhaug, driftsleiar Magnus Meringdal, pilotane Sunniva Nordberg og Petter Ludvik Roald, og juryleiar Jan Ove Skodje - Klikk for stort biletefv. ordførar Harry Valderhaug, driftsleiar Magnus Meringdal, pilotane Sunniva Nordberg og Petter Ludvik Roald, og juryleiar Jan Ove Skodje Nord Helikopter As, som er stasjonert på Ålesund Lufthamn Vigra, vann prisen som Årets Bedrift 2017 i Giske. Juryformann Jan Ove Skodje og ordførar Harry Valderhaug overrakte diplom og statuett av Olaf Leon Roald til representantane for selskapet ved starten av kommunestyremøtet 14. juni.

I juryen si grunngjeving er det lagt vekt på god økonomisk utvikling i selskapet som no har passert 70 mill kr i omsetning med 40 tilsette medarbeidarar. Juryen har også lagt vekt på det samfunnsengasjementet som bedrifta har vist.

Nord Helikopter driv ei mangearta verksemd – last, persontransport, film/ foto, brannslukking osv. Bedrifta legg vekt på å bidra i lokalsamfunnet, blant anna med å frakte personar og gods til utilgjengelege område. Selskapet sitt store samfunnsengasjement har også kome Giske til gode; dei har flyge mange turar for Godøy IL med utstyr og stein til den nye, flotte turstien på Godøya.

I tillegg har selskapet bidratt med transport av bruer til Signalen på Valderøya for Frivillighetssentralen, dei har frakta plast og skrot frå utilgjengelige plasser i samarbeid med Plastfritt Giske, aktivt og målretta verva skuleelevar i PRYO-arbeid og også teke personar med på fjellturar som elles ikkje kunne kome ut i naturen.