"Leige-for-å-eige" starta i Giske

Klikk for stort bilete Giske kommune har no selt den kommunale bustaden i Niklamarka 14 til mangeårig leigetakar Bisrat Robeil Afewerki og Biniam Kidane Gebreselassie etter prinsippet «leige-for-å-eige» som går ut på at leigetakarar over tid skal få høve til å overta bustaden dei leiger av kommunen. Dette er i samsvar med vedteken Bustadsosial handlingsplan 2017-21 (k.sak 069/17) som er ein strategisk plan for å gje retning for vidare utvikling og prioriteringar innan bustadsosialt arbeid i Giske kommune.