Invitasjon til konferanse om velferdsteknologi

Bilde av kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

Du er med dette invitert til inspirasjonskonferanse om velferdsteknologi på Valderøy barneskule 7. desember 2018 kl. 9-12 og kl. 12.30-15.30.
Her vil du få kunnskap om kva velferdsteknologiske løysingar vi har og korleis Giske kommune tenker rundt dette.

Det blir presentasjonar, leverandørutstilling og myldreområde. Giske kommune har prøvd ut og sett i verk ulik teknologi i helse- og omsorgstenestene dei siste åra. No går startskotet for ei stor endring og ein ny kvardag for mange.

Kom, ver med og la deg inspirere - vi gler oss!