Giske kommune sine målingar viser god kvalitet på drikkevatnet frå Alnes, og det har vore satsa mykje på fornying av leidningsnettet for både drikkevatn og avløp dei seinare åra for å sikre mot ureining av drikkevatnet.
Det vert tatt måleprøver av kvaliteten på drikkevatnet kvar veke i høve til krava i drikkevatnforskrifta. Drikkevatnet i Giske er godt og held seg innafor grenseverdiane i forskrifta. Målerapportane vert lagt ut på kommunen si nettside her.
Det har vore brukt 11,5 mill kr til fornying av drikkevatnnettet siste 5 år, i tillegg til at større utbyggingsprosjekt har gjort at ein har skifta til nye vassrør nokre strekningar. Leidningsnettet for avløp er fornya med 5,5 mill kr i same periode. Sjå eigen artikkel her.
Publisert 04.07.2019 11.19