Framleis ledige plassar i Sommarskulen

Det er stor interesse for plassane i Sommarskulen! 

Nokre kurs er no fulle. Dette står markert på oversikt over kurs og aktivitetar: Sommarskulen - Hovedportal (giske.kommune.no). Fleire kurs har ledige plassar, og påmeldinga går fram til 10.juni kl.23:00. Ved ledige plassar etter det, kan også elevar som er eldre/yngre få plass ved enkelte av kursa. Ta då kontakt med arrangør. Frå 11.juni er det også lov å melde seg på fleire kurs og aktivitetar.

Bybadet sine kurs har vore svært populære! Sommarskulen har fått 167 epostar om påmelding etter at påmeldinga opna fredag 4.juni kl.12:00. Bybadet har totalt 60 plassar, fordelt på fire kurs. Dette betyr at ein del elevar ikkje får tilbod om plass. Vi har oppretta ventelister med åtte plassar per kurs. Vi har sendt svar til alle som får tilbod om plass, og til alle som står på venteliste. Alle andre vil få tilbakemelding i løpet av måndag eller tysdag.

Frivilligsentralen vil også ha ei rekke aktivitetar for barn og unge i sommar. Desse blir annonsert i tida framover. Følg med, følg med!