Frivilligsentralen kjem til å arrangere turar og opplevingar og Forskerfabrikken gir også tilbod om sommarskule.
illustrasjon aktivitet
UDIR har ikkje gitt kommunane tilskot til sommarskule i år. Giske kommune kan difor ikkje rigge gratis ferietilbod for barn på same måte som i fjor.
Derimot vil Forskerfabrikken tilby sommarskule for 4.-6. trinn i veke 26. Dette blir årets sommarlab, der borna får utføre eksperiment med ekte forskerutstyr, bruke kreativiteten til å løyse morsomme oppgåver og ha fysisk aktivitet ute kvar dag.
For meir informasjon og påmelding:
Forskerfabrikken sin sommerlab (PDF, 244 kB)
Lenke til påmelding
Meir informasjon om Frivillegsentralen sine aktivitetar kjem på eit seinare tidspunkt.
Vi håpar mange har lyst og høve til å melde seg på!
Publisert 13.05.2022 14.33