Formannskapet vil ha ein ungdomskule

  Fleirtallet i formannskapet i Giske, 5 av 7, gjekk i sist møte inn for at ein frå hausten 2021 skal ha ein ungdomskule i Giske. Skulen skal ligge på Valderøya. Det samme fleirtalet gjekk og inn for at barneskule-elevane på Godøy vert samla på Godøy skule.

Mindretalet (2) gjekk inn for at skulestrukturen i Giske skal forbli uendra.

Eit mindretal (3) gjekk og inn for at Giske skule skulle leggast ned frå hausten 2021 og flyttast til Valderøy barneskule.

I vedtaket om endringa av skulestrukturen vart det lagt inn føresetnader om bygningsmessige endringar både på Valderøy ungdomsskule og på Godøy skule. Vedtaket lyder slik:

«Bygningsmessige tilpasningar er ein føresetnad for utvidig av skulekrinsane. For å gjere nødvendige arbeid i bygga (Giske ungdomsskule og Godøy skule) må det settes av midler  i investeringsbudsjett 2021.  I tillegg må det så langt råd nyttast ubrukte lånemidler for 2020.»

Saka om skulestrukturen i Giske framover vert endeleg avgjort i kommunestyremøte torsdag 24. september.

Heile vedtaket finn du her