Ein ny smitta

Ein person som kom frå Storbritannia 28. januar og vart testa på nytt 4. februar har avgitt positiv Covid-19 test..
 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Det er ingen kjent samanheng mellom den forrige koronapositive, men sannsynlegvis er dette eit nytt tilfelle av importsmitte.

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen stadfestar at prøve er sendt for analyse i høve til om dette er eit mutert virus, men det vil ta tid å få svar.

Vedkomande som har testa positivt er frisk. Personen var i karantene og er no sett i isolasjon. Det er ingen haldepunkt for nærkontakt med lokalbefolkninga.