Fem nye smitta torsdag

Tre nye positive PCR- prøver og to positive hurtigtestar.

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

Giske kommune fekk torsdag melding om fem nye smitta, to av dei med hurtigtest.

Denne veka har vi sett ein auke i tal på smitta og vi må minne oss sjølve på alle gode smitteverntiltak vi har lært oss gjennom det siste halvanna året. 

Ikkje ha for mange nærkontaktar.

Hald avstand. Bruk munnbind om du ikkje kan halde ein meters avstand.

Ha god handhygiene.

Er du sjuk, hald deg heime. Er du i tvil. La deg teste! Gå inn på https://c19.no eller ring testtelefonen på nummer 41 70 19 31 for å bestille time til testing.

Ta vare på kvarandre.