Viktig informasjon om eFaktura-avtalar

Det er gjort endringar i bankane når det gjeld mottak av eFaktura som gjeld andre enn deg sjølv. Det vil seie at frå 18. mars vil du ikkje motta eFaktura i din nettbank dersom fakturaen ikkje står i ditt namn. E-Faktura er i ny versjon knytt opp mot den som er eigar av fakturaen med personnummer og adresse.

Denne informasjonen gjeld spesielt for deg som godkjenner og betalar faktura i nettbanken for andre, til dømes for foreldre eller som verge for andre.   

Ønsker du likevel å motta eFaktura på vegne av, må du ta kontakt med banken din for å finne ut kva mulegheiter banken kan tilby.