Vedtak om forbod om bruk av appane TikTok og Telegram

Kommunedirektøren har gjort vedtak om forbod om bruk av appane TikTok og Telegram på mobilar, nettbrett og datamaskiner eigd av Giske kommune, for tilsette i Giske kommune, gjeldande frå og med 26.04.2023.

Ei hand som held ein mobiltelefon - Klikk for stort bilete

Giske kommune vedtek restriksjonar mot bruk av appane TikTok og Telegram. Saka er drøfta med dei tilsette sine organisasjonar, 05.04.2023.

TikTok er eit videobasert sosialt nettsamfunn og Telegram er ei meldingsteneste.

Bakgrunn for restriksjonane er at Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) har gjort ei vurdering av appane med følgjande tilråding:

«NSM vurderer at TikTok eller Telegram ikke bør installeres på offentlig ansattes tjenesteenheter som er tilknyttet virksomhetens interne digitale infrastruktur eller tjenester.»

Les heile vurderinga her: Anbefaler ikke Tiktok eller Telegram på tjenesteenheter - Nasjonal sikkerhetsmyndighet (nsm.no)

Dette er ei sterk fagleg tilråding frå NSM, og det fell naturleg at Giske kommune følgjer slike tilrådingar knytt til sikkerheitsarbeidet i kommunen. God informasjonssikring er svært viktig, både for å kunne sikre dei kommunale tenestene og for å sikre forsvarleg handtering av informasjon om innbyggjarane. Kommunen har krav om å sikre tenestene og informasjonen ein handterer etter fleire ulike regelverk, bl.a. personopplysningslova. I sikkerheitsarbeidet må kommunen også ta omsyn til ein forverra sikkerheitspolitisk situasjon.

Kommunedirektøren fattar følgjande vedtak, gjeldande for dei tilsette i Giske kommune:

1. Applikasjonane TikTok og Telegram skal ikkje installerast på mobilar, nettbrett og datamaskiner eigd av Giske kommune. Dersom applikasjonane er installert i dag, skal dei avinstallerast.

2. Tilsette i Giske kommune skal normalt ikkje bruke TikTok eller Telegram i tenesta. Etter konkret vurdering av behov og risiko, kan bruk i nokon tilfelle aksepterast. Slik bruk skal skje frå utstyr som ikkje har tilgang til kommunen sin interne infrastruktur.

Vi vil vidare gjere ei vurdering knytt til private mobilar og nettbrett som får tilgang til dei interne systema våre.

Denne endringa er å rekne som ein del av reglane for bruk av IKT i kommunen og skal følgjast av alle tilsette. Endringa gjeld ikkje elevar i kommunen sine skular. Det vert tatt stilling til om desse reglane også skal gjelde for dei folkevalde i kommunen.

Med helsing

Lene Bjørlo Overå

konstituert kommunedirektør