UKM Filmverkstad for ungdom 13 - 16 år

UKM Giske arrangerer verkstad der ungdomane får lære seg å lage ein film frå start til slutt.

Verkstaden vert holdt på Giske ungdomskule 1. og 2. februar frå kl. 1700 - 2000 begge dagar.
Påmeldingsfrist er 20. januar på www.ukm.no/giske

På denne verkstaden skal elevane sjølve med eigen Ipad eller telefon lære seg korleis ein lagar ein film på 2 - 3 minutt – frå idémyldring, filming, redigering og ferdig resultat. Filmen vert laga i gruppe og ein får høve til å prøve seg både foran og bak kamera, som skodespelar, fotograf og klippar.

Dag 1: Manus og opptak

Dag 2: Redigering og visning

Kurshaldar er Solveig Årdal som dette skuleåret turnerer med verkstaden med Den Kulturelle Skulesekken.
Denne verkstaden vert holdt med støtte frå stimuleringsmidlar frå UKM Norge. 

Har du spørsmål om verkstaden? Ta kontakt med UKM-koordinator Ingvild Nautvik.