Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Valderøy barneskule - Klikk for stort bileteValderøy barneskule Børge Sandnes/Giske kommune Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt om lag 101 millionar kroner til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg i år. Frå Giske fekk fire av ti søknader tildelt støtte. Her finn du oversyn over alle tildelingane (ekstern link).

Totalt var det åtte søknader for ordinære anlegg og to søknader for nærmiljøanlegg.  Kommunestyret vedtek kvart år korleis søknadane skal prioriterast. Dette blir gjort etter innstilling frå idrettsrådet. Sjå kommunestyresaka her.

Giske kommune fekk tilskot på to søknader om tilskot til ordinære anlegg:

  • Gymnastikksal med buldrevegg på Valderøy barneskule: 2.750.000 kroner. Søknadsbeløpet var 5.500.000 kroner. Resten vil bli tildelt etter søknad neste år. 
    Valderøy barneskule var ferdig i 2014, og søknaden har vore fornya kvart år sidan.
  • Nytt banedekke i Giske kommunale idrettshall på Valderøya: 239.000 kroner. Hallen vart bygd i 1984, og banedekket vart utskifta i 2016. Søknaden har vore fornya kvart år.

Godøy idrettlag fekk tilskot til to søknader for nærmiljøanlegg:

  • Rehabilitering av turstiar på Godøyfjellet og i Alnes utmark: 300.000 kroner. Dette er tredje og siste del av eit større prosjekt med steinlegging av turstiane på Godøyfjellet. 
  • Diskgolfparken ved fotballstadion på Godøya: 164.000 kroner.

Tidlegare tildelingar

Anleggsregisteret finn du oversyn over alle godkjende anlegg i landet. Under "Finn anlegg" kan du velje Møre og Romsdal og Giske kommune for å sjå anlegg i vår kommune. Heile 119 anlegg er registrert.

Totalt har ulike søkjarar i Giske kommune fått tildelt omlag 39,4 millionar kroner gjennom denne ordninga frå 1950 fram til i dag. Omrekna til 2021-kroner blir dette nesten 57 millionar kroner. I den vedlagde oversikta (PDF, 447 kB) har vi tatt med alle anlegg i kommunen som har fått tildelt støtte, og vi har prøvd å rekne om til 2021-kroner.

Ny søknadsrunde for 2023

Det er snart klart for å søkje tippemildar igjen. Alle søknader som ikkje har fått tildelt støtte, kan fornyast. Dersom du eller laget ditt ønskjer å søkje om spelemidlar, kan de ta kontakt med kommunen for å få hjelp med søknaden. Les meir om tippemidlar på Anleggsregisteret.no. Retningslinjene for årets søknader finn de her: Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2022