Sterk vind på Giske bru

Det er sterk vind på Giske bru, og den var stengt ca 15 minutt i 12.30-tida.

  

Giske kommune har kontakt med Vegtrafikksentralen som er på staden.

Elevane på Giske ungdomsskule, som skal til Giske og Godøya, tek skulebuss som vanleg kl 14.10 til Ytterland. Der vert det vurdert når bussen kan køyre over brua.

Alternativet kan være å bruke drosjetransport over brua.

Foreldre som ynskjer det og har anledning kan sjølvsagt hente ungane sjølv.

Dersom det blir behov vil vi opprette opphaldsrom på Ytterland.

 

For spørsmål ta kontakt med Kåre Sæter: tlf 902 01 227

Viktige lenker

Ukraina