Status Giske kommune fredag 24. april

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Smittesituasjonen i Giske er framleis stabil. Det er likevel grunn til å minne om at alle regler for godt smittevern må brukast.

Ver eit godt eksempel

Lang tid  med endra adferd i kvardagen slit på alle. Med den positive utviklinga vi har i smittesituasjonen både lokalt og nasjonalt kan ein fort komme i skade for å tru at no er faren over. Dessverre er vi ikkje der.

Dagens bodskap er difor slik: Takk for jobben alle har gjort så lang. Men vi er ikkje i mål. Og etter kvart som vi blir slitne – både unge og eldre – så krevst det at vi jobbar ekstra hardt for at vi alle er gode eksempel for kvarandre.

Spesielt er det viktig at vi ikkje slurver med avstandsreglane og ikkje samler oss i større grupper.

Etter ei veke med oppstart av barnehagane og med skulestart for dei yngste klassane neste veke vil det bli litt fleire kontaktpunkt mellom oss. Då er det ekstra viktig at vi ikkje aukar smitterisikoen meir enn nødvendig på andre områder.

Det vi kort og godt vil minne alle om er at kvar og ein av oss bør framstå som eit godt eksempel for andre.

Skulestart mandag

Mandag startar skulane opp med undervisning for 1.-4 klasse. Skulane vil  publisere kva reglar som  gjeld for oppstart.

Sjå under om generelle regler i Giske.

Vedlegg: