Skarlagensfeber i Giske kommune
Det er rapportert om fleire tilfelle av skarlagensfeber blant barna i kommunen.
logo
Det er vanleg at det kjem utbrot med skarlagensefeber og halsbetennelse i skular og barnehagar om vinteren.Dei fleste får mild sjukdom ved smitte.
Smittevern
- God handhygiene
- Hostehygiene (host i olbogen)
- Halde barnet heime ved sjukdom
Kva er skarlagensfeber og når søke legehjelp?
Sjukdommen byrjar ofte med feber og sår hals. Etter kvart blir tunga nuppete og raud (såkalla jordbær- eller bringebærtunge). Ein kan også sjå eit sandpapiraktig utslett på kroppen og i kinna.
Det er ein bakterie som gir sjukdommen, streptokokk A. Desse bakteriane kan også ofte gje hudinfeksjonar (brennkoppar) og halsbetennelse.
Oppsøk fastlege eller legevakt ved mistanke om skarlagensfeber for vurdering av om det er behov for antibiotikabehandling
Alvorlige symptom (ein eller fleire av desse)
- Høg feber over 39 grader i kombinasjon med andre av desse symptoma
- Dårleg allmenntilstand, er sløv eller vanskelig å vekke
- Nakkestivheit
- Utslett som ikkje lar seg trykke vekk
- Drikk og tissar lite
- Svært sterke smerter i eit område av huda (typisk arm eller bein). Huda kan etter kvart bli varm, rød og hoven.
Ved alvorlige symptom som nemnt over er det viktig å ta kontakt med lege akutt
Sjå her for meir informasjon frå Folkehelseinstituttet:
https://www.fhi.no/nyheter/2022/skarlagensfeber-og-alvorlig-streptokokk-gruppe-a-sykdom/
https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/streptokokk-gruppe-a-infeksjon---ve/
Sist endra 23.03.2023 21.39