Sjølvbetjent besøksskjerm i hovedinngangen på rådhuset

 Giske Rådhus har fått ein sjølvbetjent besøksskjerm som skal fungere som ei tilleggsløysing til den eksisterende resepsjonen når du kjem som besøkande eller leverandør på rådhuset.

Besøksskjermen har foreløpig  tre føremål:
1. Besøkande registrerer seg sjølv og varslar den tilsette   dei skal møte når dei kjem på rådhuset.
2. Leverandørar av ulike varer kan varsle den tilsette at ei vare er levert i servicetorget
3. Oversikt og logg over kven som er på rådhuset i tilfelle ei evakuering eller andre hendingar. 

Slik fungerer besøksskjermen når du kjem som besøkande på rådhuset:

1. Du trykker på skjermen for å aktivere den. Du kan velge både norsk og engelsk språk.
2. Velg "Sjekk inn"
3. Legg inn ditt eige navn. Fullt navn.
4. Programmet spør: "Kven skal du besøke" og da søker du opp den aktuelle tilsette.
5. Programmet spør etter telefonnummer og du legg da inn telefonnummeret på mobilen du har på deg.
6. Til slutt bekrefter du opplysningane og velger "Send inn"

- Programmet gir den tilsette beskjed om at du er på rådhuset og du kan sette deg ned og vente på at den tilsette tar kontakt på telefon eller kjem og møter deg. 

Viktig:

  • Dersom du ikkje finn rett tilsett på skjermen eller har gløymt namnet så ta kontakt med servicetorget. 
  • Alle som logger seg inn skal også logge seg ut. Dersom ein ikkje gjer det vil ein bli utlogga automatisk etter 2 timar.   

Saken fortsetter under bildet

Levering av varer på rådhuset:

  • Besøksskjermen  har også en tjeneste for Levering. 
  • Dersom du skal levere pakke til ein navngitt tilsett så går du til skjermen , søker opp den aktuelle tilsette og trykker Send. Etter det leverer du pakken i servicetorget.
  • Dem tilsette vil da få SMS og epost om at ein pakke er levert i servicetorget. 

Til slutt:
Besøksskjermen er ein del av ein pågåande prosess med å digitalisere tenester i Giske kommune.
Gevinsten vi ønskjer er å frigjere fleire ressursar og tilby betre løysingar for deg som innbyggar i kommunen. 

Besøksskjermen er ikkje ei erstatning til dagens resepsjon hos servicetorget. Du kan framleis henvende deg i resepsjonen som før dersom du ønsker det. 

Velkomne til Giske rådhus