Overgang til digital søknad knytt til veg, vatn- og avløpsarbeid i Giske kommune
Giske kommune har gått over til digitale søknadar på fleire fagfelt innan veg, vatn og avløp.
Giske kommune har gått bort frå papirsøknadar når det gjeld veg, vatn- og avløpsarbeid.
Det nye systemet er heildigitalt, og er levert av Powel/ Volue og dekkjer no:
- Tilkobling (søknad om vatn- og avløpsarbeid og melding om vatn- og avløpsarbeid)
- Tilbakestrøming - (sikring mot tilbakestrøming mot vassnettet)
- Industripåslepp - (olje og feittutskillar)
- Utslippsløyver - ( direkte utslipp der kommune er forureiningsmynde)
- Gravemeldingar - (melding om graving på kommunal grunn og i nærleik av kommunal infrastruktur )
Måten det nye systemet fungerar på, er at entreprenørar har tilgang til å levere søknadar med direkte skissering inn på leidningsnettet, enklare utfylling av utstyrsliste med meir. Dette skal føre til meir komplette søknadar og enklare moglegheiter for søkjaren å finne ut kva som er mogleg. Dette frigjer også ressursar i kommunen, og forenklar sakshandsaminga. Resultatet av dette skal vere mindre tid til spørsmål og korrigeringar, og raskare svar på søknadar.
For å søkje , må ein no ta kontakt med entreprenør som har blitt godkjent i systemet. Dei entreprenørar som ikkje er godkjende kan søkje om å bli dette på følgjande side: Søknad om veg, vatn- og avløpsarbeid.
Ein entreprenør må berre bli godkjent ein gong, og har då høve til å søkje hos både Ålesund, Sula og Giske kommune med fleire.
Sist endra 19.01.2022 12.52