OFFENTLEG ETTERSYN AV DETALJREGULERING GISKEREMEN, GBNR 127/34 – Bg5
Detaljregulering med namn Giskeremen, gbnr 127/34 – Bg5 blir lagt ut til offentleg ettersyn etter vedtak i Teknisk utval den 12.06.2025 (TU – 035/25).
Frist for å kome med merknader er 1. September 2025.
Planforslaget blir sendt til grunneigarar i planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta blir også lagt ut på kommunen si internettside giske.kommune.no og i kommunens planregister arealplaner.no.
Dersom nokon ønsker plandokumenta tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med saksbehandlar gerd.alice.blindheim@giske.kommune.no eller dagny.kristin.rodland@giske.kommune.no.
Vi minner om at det kan vere noko forsinkelse i ferietida.
Innspel
Merknader merkast med namnet til planen og planident 2019006 og sendast til kommunen innan 01.09.2025. Merknader kan sendast på e-post: post@giske.kommune.no eller til
Giske kommune
Teknisk eining
Valderhaug 4
6050 Valderøya.
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.
Planforslaget er tilgjengeleg i Giske kommune sitt publikumskart (følg denne lenka: kommunekart.com/klient/giske/publikum og velg kartlag “reguleringsplan forslag”), og i vårt planregister (arealplaner.no | 2019006 > Planbehandlinger).
Sist endra 03.07.2025 15.24