Nytt om Psykisk helseteam for barn, unge og familiar - Hovedportal

Nytt om Psykisk helseteam for barn, unge og familiar

Vi ønskjer Ingri Warnes Seth velkommen til Giske kommune og Psykisk helseteam for barn, unge og familiar.

Ingri er fast tilsett i teamet som har to 100% stillingar og ei prosjektstilling.

Mitt namn er Ingri Warnes Seth, og eg er nytilsett psykolog i Giske kommune. Eg brenn for eit godt psykisk helsetilbod for barn, unge og deira familiar, og gler meg til å vere med på å utvikle denne tenesta vidare her i kommunen. Eg er oppteken av å bygge på dei ressursane som finst i kvart barn og familie, og korleis ein kan nytte familieperspektivet for å støtte barn og unge som har det vanskeleg.                                                                                                                                          Eg er utdanna ved NTNU i Trondheim, og har dei siste åra arbeida som psykolog ved BUP i Oslo. Eg har òg erfaring frå nevroteam ved BUP i Trondheim. Men - opprinneleg er eg frå Brattvåg, og ser no fram til å arbeide som psykolog i kjente trakter her i Giske kommune!