Ny sentralbordløysing for skulane i Giske kommune

Frå måndag 6. november 2023 så kjem det nokre endringar i sentralbordet når du ringer til skulane i Giske kommune. 

Frå måndag så vil alle skulane ha eit eige sentralbordnummer.  Fleire av desse er dei same som før, men nokre er nye.
Når ein ringer dette nummeret så vil ein i deler av dagen kome direkte til ei ringekø der ein tilsett på skulen svarar. 

Mellom klokka 10 og 14 vil ein kome til sentralbordet på Giske rådhus som kan sette vidare. 
Denne løysinga vil forhåpentleg gje raskare svartid til deg som innbyggar når du kontaktar ein av skulane våre. 

Dei nye telefonnummera er:
Godøy skule: 417 02 366
Vigra skule: 417 02 311 
Giske skule: 417 02 362
Valderøy barneskule: 417 01 935
Giske ungdomsskule: 417 02 308

Telefonlinjene er åpne mellom kl 08:00 og 15:30 måndag til fredag- 
Stengt helger, helligdagar og ferier. 
Gjer merksam på endra åpningstider under planleggingsdagar