Ny kommunedirektør startar 1. juni

Bilde av kommunedirektør Kal Andre Birkhol. - Klikk for stort bilete

Karl Andre Birkhol vart tilsett av Giske formannskap og kommunestyre 27. mars. Han tek til i stillinga 1. juni. 

Karl Andre Birkhol, 53, er i dag kommunedirektør i Fjord kommune. Han har brei leiarerfaring frå kommunal sektor. Birkhol er utdanna lærar og har vore tilsett i tidlegare Norddal kommune (no Fjord kommune) sidan 2009. Der har han hatt stilling som rektor/einingsleiar, fagsjef for skule og barnehage, kommunalsjef for oppvekst og kultur, kommunalsjef for helse, pleie og omsorg, og kommunedirektør sidan november 2017. 

- Giske kommune har eit stort potensial for samfunns- og næringsutvikling, og eg ønskjer å vere med på å løyse ut dette potensialet og utvikle framtidsretta tenester for samfunnet med den stolte historia, seier Karl Andre Birkhol. 

Birkhol tek over etter Lene Bjørlo Overå som har vore konstituert kommunedirektør etter at Dag Olav Tennfjord slutta i jobben i slutten av februar.