No skal Valderhaugstrand med Skaret planleggast - invitasjon til planverkstad

 - invitasjon til planverkstad

På oppdrag for Giske kommune gjer Asplan Viak ein stadanalyse og moglegheitstudie for Valderhaugstrand med Skaret. Denne skal vere ein del av grunnlaget for ny kommuneplan.

I samband med dette arbeidet vil det bli halde planverkstad for ulike grupper. Hensikta med planverkstadane er å få innspel og involvering i ein så tidleg fase som mogleg.

Tysdag 14. mai kl. 18-20 inviterer vi til planverkstad for innbyggarane, organisasjonar og lag  i kommunestyresalen. Enkel servering.

Onsdag 15. mai kl. 9-12 inviterer vi næringslivet til planverkstad i kommunestyresalen. Enkel servering.

Korleis skal Valderhaugstrand og Skaret vere i framtida?

Kva er viktigast for deg på Valderhaugstrand og Skaret?

Korleis kan området bli attraktivt for fleire?

Korleis skal utviklinga skje i dei ulike sentra på Valderøya?

Verkstaden 14. mai er OPEN FOR ALLE, verkstaden 15. mai krev påmelding innan 13. mai (kl. 12.00)

til: per.inge.aakvik@giske.kommune.no

Velkomen!

 

Vil du også lese om da Bypatrioten var på besøk på rådhuset for å høyre om dette prosjektet? 
Les intervjuet med planleggar Per Inge her:  Hvordan skal det bli på Valderøya? | Bypatrioten