Nedgraderer ekstremvêret «Ingunn»

Meteorologisk institutt har nedgradert farenivået for ekstremvêret «Ingunn» frå raudt til oransje nivå for Giske kommune og omegn. 

Etter samverkemøte med Statsforvaltar og alle kommunane i fylket har beredskapsleiinga i Giske beslutta å gå tilbake til normal drift frå torsdag morgon ut i frå vêrprognosane. Det er meldt nordvest stiv til sterk kuling frå klokka 7 i morgon tidleg. Farevarselet som er sendt ut gjeld til klokka 04 natt til torsdag. Dette vil seie at skular og barnehagar er opne som normalt. Skuleskyss vil også gå som vanleg. 

Det vil vere fare for at Giskebrua kan bli stengt i periodar med mykje vind fram til fredag klokka 12. Følg oppdaterte varsel på 175.no. Brua var stengt ein times tid frå cirka klokka 14 til 15 onsdag ettermiddag. Statens vegvesen observerer også tett Gjøsundbrua spesielt under floa mellom klokka 14.30 og klokka 17 onsdag ettermiddag. 

Nettselskapa vurderer ikkje sjansen for straumutfall som veldig stor, men ein må pårekne småutfall gjennom ekstremvêret. 

Når det gjeld heimebasert omsorg er det gjort ein stor jobb med å førebu seg til kvelden og natta. Det vert prioritert mellom besøk dei må ta, besøk dei kan unnlate og dei ein kan ha ringekontakt med. Det vert koordinert personell etter bustad og også tatt omsyn til eigen sikkerheit. Heimebasert omsorg oppfordrar pårørande til å sjå til sine. 

Giske kommune takkar innbyggarane, alle foresatte og pårørande for forståing for situasjonen og at ikkje alle tenester er fullt operative medan ekstremvêret står på som verst. 

Følg versituasjonen på meterologisk.no og status på vegar og bruar på 175.no. 

Varsling om større hendingar til operasjonssentralen 110.