Kunngjering av konkurranse om veterinærtenester

Kommunane som inngår i Ålesund og Stranda veterinærvaktdistrikt kunngjer med dette konkurranse om veterinærvakttenester.

Stranda kommune er vald til driftsansvarleg kommune av dei andre kommunane som er med i veterinærvaktdistriktet. Vaktdistriktet omfattar kommunane Ålesund, Sula, Sykkylven, Giske og den vestlege fastlandsdelen av Haram kommune i tillegg til Stranda.  

Kunngjering skjer berre via heimesidene til oppdragsgjevarane. Dette er ein open konkurranse, og alle som oppfyller kvalifikasjonskrava kan levere tilbod. 

Føremålet med anskaffinga er å dekkje kommunane sitt ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt i samsvar med lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelse-personell § 3 a. Oppdraget er ei rammeavtale som gjeld i 4 år. Det vert inngått avtale med fleire veterinærar. Nærmare informasjon om oppdraget og konkurransen kan ein finne i vedlagde konkurransegrunnlag. Vi ber interesserte leverandørar om snarast å sende e-post med melding om interesse for konkurransen til oppdragsgjevar sin kontaktperson slik at ein kan motta eventuelle tilleggs-opplysningar (sjå konkurransegrunnlaget punkt 2.2.).

Oppdragsgjevar sin kontaktperson for anskaffinga er Åshild Fløisand, som har e-post: aaf@sands.no

Frist for å levere tilbod i konkurransen er fredag 23.02.18 kl. 12:00. Det er viktig at tilbodet er komplett og utforma i samsvar med krava i konkurransegrunnlaget.