Investeringsmidlar til lokale kulturbygg

Tilskotta skal medverke til eigna lokale, bygningar og utearena som gir rom for ulik kulturell verksemd. 

Tilskott kan bli gitt til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesialloale for kunst og kultur som bilbiotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Midlane kan nyttast til nybygg, tilbygg, ombygging eller modernisering av kulturbygg, og kjøp / ombygging av andre lokale til kulturbygg, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift. Ein kan òg få tilskott til permanent eller naglefast innreiing.

Søknadsfrist er 15. februar. Her finn de digitalt søknadsskjema som skal brukast.

Giske kommune skal prioritere dei ulike søknadane og oversende til fylket innan 1. april.

Andelslag (der alle som ønskjer det kan være med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging kan søkje. Vilkår for at ein organisasjon kan stå som søkjar, er at kommune eller fylke slår fast at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment kulturbygg.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som organiserer tilskottsordninga (desentralisert ordning med tilskot til kulturbygg). De finn meir detaljar om reglane for ordninga på fylket sine nettsider.

Planer som blir lagt til grunn for søknad om tilskott, må vere førehandsgodkjent før bygging startar og før søknad om midlar kan bli fremma.

Spørsmål om ordninga kan rettast til saksbehandlar / einingsleiar for miljø og kultur Frode Elias Synnes, tlf 70 18 80 00, ev. e-post: frsy@giske.kommune.no