Informasjon i samband med orkanmeldingar

Det er sendt ut raudt farevarsel om ekstremt kraftige vindkast for delar av kysten frå onsdag ettermiddag og utover kvelden. Sterkaste vind er venta mellom kl. 16-kl. 20. I Møre og Romsdal gjeld dette spesielt ytre strøk. 

Beredskapsleiinga i Giske kommune har vore i møte med Statsforvaltar og alle kommunane i fylket om situasjonen og kva tiltak som må vurderast. Det har også vore møte med Ålesund, Haram og Sula om situasjonen i vår region. 

Det er beslutta at Giske ungdomsskule skal ha digital heimeskule onsdag. Det er spesielt Giskebrua som er utsett i vår kommune og det kan bli problem med å få elevane heim på ettermiddagen. Barne skulane sender ut nærmare informasjon på transponder. Dei vil vere opne for opphald. Kommunen oppfordrar foreldre om å ikkje la barna gå heim åleine. Fylkeskommunen vurderer å stanse all kollektivtrafikk i morgon. Vi oppdaterer heimesida så snart informasjonen er klar. 

Barnehagane er opne som normalt med mindre det blir gitt anna beskjed. 

Det er lagt ein plan for korleis Helse og omsorg skal oppretthalde dei nødvendige tenestane onsdag kveld og fram til fredag. Dette gjeld heimebasert omsorg og vaktsituasjonen på alle øyane. Det er gjort førebuingar for uventa og uønska hendingar. Bygg og eigedom har også ekstra merksemd på alle kommunale bygg og tenester. 

Giske kommune ønskjer å legge til rette for at dei tilsette i kommunen som har høve til heimekontor kan ha det heile eller delar av dagen onsdag. 

Førebu deg på straumstans, lad opp enheitene dine, finn fram lommelykter, bekledning og anna nødvendig utstyr. Rydd rundt huset og feste alle lause gjenstandar. 

All kollektivtrafikk kan bli stansa under uveret. Giskebrua kan også bli stengt. Giske kommune vil legge ut informasjon om dette fortløpande på heimesida og på Facebook. 

Giske kommune oppfordrar at all møteverksemd og møter blir digitalt avvikla eller avlyst onsdag etter kl. 16. Giske kommune oppfordrar lag og organisasjonar å avlyse alle fritidsaktivitetar onsdag ettermiddag. 

Beredskapsleiinga vil møtes ved behov og sende ut informasjon fortløpande.   

Meterologisk institutt ber folk: 

 Hold dykk inne.
- Følg råd frå beredskapsstyresmakter.
- Om du MÅ køyra, følg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar (175.no).
- Følg råd og sjekk status frå transportaktørar.
- Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot.
- Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar.
- Vis varsemd ved ferdsel i strandsona og på sjøen.
- På førehand vurder tiltak for å avgrensa skade.

Konsekvensar: 
- Det er farleg å vera utandørs, og det blir venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett.
- Stor fare for innstillingar av flyavgangar, båtar og annan transport. 
- Bruer kan stengjast.
- Takstein og takplater blåsar av hus og bygningar.
- Mange reiser kan få betydeleg lenger reisetid.
- Straumforsyninga lokalt vil bli betydeleg påverka.
- Straumforsyninga vil bli betydeleg påverka.
- Mange vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen.
- Snøfokk i fjellet gir redusert sikt. Kolonnekøyring og/eller stengde vegar blir forventa.
- Høge bølgjer kan gi skade på infrastruktur og bygningar i standssona.

Her kommer oppdatert informasjon fra MET

kl 11 i morgen formiddag - Vinden tiltar og har styrke på liten til full storm med sørlig retning. 

Mellom kl 12 – 13 - På kysten viser prognosene full storm fra sør 

Fra kl 14.00 viser prognosene orkan ved Stadt fra sørlig retning.

Fra kl 15 er det opp i orkan styrke i perioder, fortsatt fra sør.

Fra kl 16 dreier vinden på sørvest og prognosene viser orkan ved kysten, og vinden går mer inn over land.

Fra kl 19 orkan langs hele kysten i strekning fra Stadt til Frøya.

Fra kl 20 og utover kvelden liten storm. 

kl 03.00 natt til torsdag - Ny vindøkning. Full storm med perioder med orkan fra vest. Dreier mot nordvest i tiden frem til kl 08.00 da vinden skal avta.

Sterkeste vind for vårt fylke er i perioden mellom kl 16 – 20.

Det ventes betydelig nedbørsmengder og snø utover kvelden i morgen og natt til torsdag. Det varsles i tillegg svært ustabile forhold med lyn og torden i området.

Lenke til oppdaterte meldingar frå Meteorlogisk institutt. 

Giske kommune kjem med oppdatert info  i løpet av onsdag og eventuelt informasjon om tiltak torsdag dersom det blir aktuelt.