Høyrte du ikkje tyfonane? Sivilforsvaret forklarer kvifor.

Sivilforsvaret har ca 1250 varslingsanlegg nasjonalt. Dei fleste er i byar og større tettsted, og når i overkant av halvparten av befolkninga.

 

I Møre og Romsdal er det 77 varslingsanlegg. I Giske kommune har vi eit varslingsanlegg, ved Vigra flyplass.

Rekkevidde vil variere ut fra mellom anna plassering, topografiske forhold osv. Men i ein radius på 500 meter vil ein normalt høyre signalet godt og signalet vil bli høyrt utover dette. Plassering av varslingsanlegg i området kan du sjå her: https://kart.dsb.no/share/21b0252bf38b.

 

Ein kan ut fra kartet sjå at det kun er avgrensa delar av Giske kommune som vil høyre signalet.

Det blir arbeida med eit nasjonalt system for mobilbasert varsling som skal supplere tyfonvarslinga. Ein vil da kunne nå betydeleg fleire av befolkninga.

Giske kommune har også eit eige system for å kunne varsle befolkninga på sms.