Gjøsund nasjonale fiskerihamn og næringsområde
Fleire næringsaktørar viser interesse for å etablere seg i Gjøsund næringsområde i samband med etablering av ny nasjonal fiskerihamn.
Det nye hamne- og næringsområdet ligg rett utanfor Ålesund , i Giske kommune. Kommunen har cirka 8.500 innbyggarar og den framtidige hamna har ei svært sentral plassering i skipsleia. Det pågår for tida eit omfattande arbeid med mudring av indre hamn. Mudringsarbeidet blir ferdigstilt våren 2023. Då har indre hamn ei djupne på 8,3 - 9 meter og kan ta imot større båtar enn i dag. Ålesundregionens havnevesen har djupvasskaia inne i investeringsbudsjettet sitt.
Ålesund lufthavn, Vigra ligg mindre enn ti minutt frå Gjøsund. Dei fire øyane i havgapet har undersjøiske tunnelar til fastlandet.
Giske kommune er i gang med å utarbeide ein utviklingsplan for området som skal leggast fram for politikken våren 2023. Planen skal legge føringar for eit område på 350 dekar næringsareal. Giske kommune samarbeidar med Gjøsund utvikling AS i utviklings- og planarbeidet. Selskapet representerer næringsaktører og interessentar. Kommunen er største eigar av 15 aksjonærar.
Video:
Gjøsund hamn og industriområde 2022, sjå video.
Animert video her.
Nettside Gjøsund hamn.
Dronevideoer:
Mars 2023
August 2022
Februar 2022.
Oktober 2021 (4min 14s).
Oktober 2021 (40s).
Per i dag er størstedelen av arealet utan infrastruktur. Dette må først på plass før tomtene er klare til utbygging. Planlegging og klargjering av området er eit omfattande arbeid som vil ta noko tid. Det krev også store investeringar. Dette blir det aktivt jobba med både på administrativt og politisk nivå. Det er mogleg å melde interesse til assisterende kommunedirektør Lene Bjørlo Overå eller næringssjef Hilde Røsvik.
E-post:
lene.bjorlo.overa@giske.kommune.no
hilde.kristin.rosvik@giske.kommune.no
Publisert 01.06.2022 10.16
Sist endra 22.05.2023 12.49