Giske kommune oppgraderer sak og arkivsystemet denne og neste veke.

Giske kommune har i desse dager oppgradering av sak og arkivsystemet ACOS WEBSAK 8.
Dette er ein stor jobb som krever integrasjon av eit større antall kommunale system med det nye arkivsystemet.

Grunna denne oppgradering  som pågår frå fredag 02.12.2022 t.o.m onsdag 07.12.2022, vert det  forseinkingar på nokre tenester:

  • Postliste vert ikkje oppdatert før den 8.12.2022.
  • Forseinka registrering av innsendte skjema, e-post og papirpost.
  • Ein må pårekne nokre dagar forseinka saksbehandling.

Giske kommune håper dette ikkje skapar unødvendige problemer og ser fram til å få på plass eit betre, meir effektivt og tryggare sak og arkivsystem som er tilpassa dagens og framtidige løysingar.