Giske er god på vatn og avløp
teknisk rør Effektivitetsbarometeret som målar dei norske kommunane sine kvalitetar innan vatn- og avløpssektoren, viser at Giske kommune er på 36. plass blant alle kommunar i landet, ut i frå dei førebelse KOSTRA-tala som kom 15. mars.
Giske kommune er på nivå 1 blant alle perspektiva, med unntak av lekkasjenivå vatn der Giske er på nivå 2. Nivå 1 omfattar den beste tredelen av dei 356 kommunane i Noreg, medan nivå 3 er lågaste tredelen.
Giske ligg på 7. plass i landet med omsyn til avløpssektoren (kostnader og infrastruktur), og på 100.plass når det gjeld vatn (kostnader, infrastruktur og lekkasjenivå).
Sjå heile rapporten:
Publisert 02.04.2020 13.05