Fjerdeklassingane får symjeopplæring

 Det blir symjeopplæring for alle elevar på 4. trinn og sponsa inngang i Bybadet i vekene mellom påske og sommarferien.

 

Giske kommune har inngått ein avtale med Ålesund symjeklubb og Bybadet for å kunne gjenopprette tilbod om symjeopplæring til barn som veks opp i Giske kommune. Først ut er alle 4. klassingane. Dei får symjeopplæring i Bybadet, i samarbeid med Ålesund Svømmeklubb. Opplæringa tek til rett over påske! Avdelingsleiar på Valderøy barneskule, Gudmundur T. Gudjonsson har hatt hand om logistikk og framdrift. Skulane sender ut nærare informasjon til foreldre gjennom Transponder.

Etter samarbeid mellom politikk, næringsliv, Frivilligsentralen og Bybadet, vil 4. klassingane kunne bade så mykje og så ofte dei vil i Bybadet frå veka etter påske og heilt fram til sommarferien! «Kombinasjonen av opplæring og adgang til å øve ekstra vil gi god framdrift i symjeopplæringa vår», seier kommunalsjef Åse Elisabeth Skjærseth.  «Vi er svært takksame for løysingsvilje og engasjement på elevane sine vegne».

Det blir arbeidd vidare med å finne løysingar for dei andre årsstega  med eit felles mål om at også alle ungar som veks opp i Giske kommune skal få lære å symje.

Viktige lenker

Ukraina