Elektroniske faktura/ kreditnota til Giske kommune

Frå og med 1.september 2017 krev Giske kommune elektroniske faktura og kreditnota frå sine leverandører i EHF format for alle innkjøp og bestillingar.

Dette gir ein rekke fordelar som:

  • Raskare betaling – postgang og manuelle rutiner eliminerast
  • Innsparing i form av papir, porto og automatiske rutiner
  • Risiko for feil vert betydeleg redusert  (feil registrering og/tolking ved skanning)
  • Miljøvenleg

 

Faktura vil som hovudregel bli returnert dersom dei er:

  • I anna format enn EHF
  • Feiladressert/feilsendt
  • Mangelfull (mht. Innhald, kvalitet og merking)

 

For meir informasjon:

http://www.anskaffelser.no/hvordan-komme-i-gang-kjoper/komme-i-gang-med-ehf/sende-faktura-som-leverandør

http://www.anskaffelser.no/prosess/elektronisk-handel/bruk-av-digitale-verktoy/kontraktsoppfolging-ehf-katalog-ordre-faktura-5

https://www.anskaffelser.no/verktoy/fakturasystemer-som-kan-levere-elektronisk-handelsformat-ehf

 

Merk spesielt at:

  • Vår fakturaadresse er org.nummer 964 980 721 og vårt aksesspunkt er Visma
  • Referanser: Bestillar sitt navn pluss eining (avdeling)
  • Faktura sendt via epost vert ikkje rekna som elektronisk faktura, og vert difor ikkje godteken.
  • Dersom der er vedlegg må dette følge EHF fakturaen
  • Kommuna ønsker i tillegg at faktura skal ha påført ansvarsnummeret til eininga i fakturafeltet “accounting cost”. Ta kontakt med oss for nærare info. om dette.

 

Giske kommune har standard betalingsvilkår 30 dager fra fakturadato.

Dersom fakturaformatet EHF ikkje kan nyttast, er papirfaktura sendt per post det einaste alternativet per dags dato. Fakturaadressa til alle einingar i Giske kommune er:

                Giske kommune

                Valderhaug 4

                6050 Valderøya

 

Sjå også: