Du er ein del av beredskapen i Noreg
Du er ein del av beredskapen i Noreg. Om du er førebudd på å ta vare på deg sjølv (og dei rundt deg) i ei krise, utgjer du ein viktig forskjell for beredskapen i landet. Då bidreg du nemleg til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritere dei som er i størst naud. 
DSB anbefaler at alle husstandar er førebudd på å klara seg sjølv i minst tre døgn dersom straum, vatn eller annan kritisk infrastruktur blir borte ein periode. 
    
      
        Publisert 01.11.2022 10.02