Delar du brønn med naboen?

No skal alle små vassforsyningssystem bli registrert

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem bli registrerte hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn.

Meir informasjon og lenkje til registreringsskjemaet ligg på www.mattilsynet.no

Registreringa er gratis og du kan gjere det med mobiltelefonen. I skjemaet registrerar du vassforsyningssystemet si plassering med å markere staden på eit kart, og det er berre nokre tilleggsspørsmål å svare på.

Kommunen får då tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet, og vi kan bruke informasjonen i vårt arbeid. Dette er viktig når kommunen legg planar for bruk av areala ved brønnen.

Drikkevatn skal vere trygt, også frå små vassforsyningssystem. Dette kom med ny drikkevatnforskrift i 2017.

Sjå meir på https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/vann/veiledning_til_drikkevannsforskriften__17_registrering.25132

vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 og be om å få snakke med di lokale avdeling.