Borgarleg vigsel i Giske

Borgarleg vigsel i Giske

  


 

 

Giske kommune har frå 1. januar 2018 tilbudd eit kommunalt vigselstilbod på Giske rådhus då ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar vart overført frå tingrettane til kommunane etter ei endring i ekteskapslova.

Kven kan bli vigsla borgarleg?

Kvar kommune har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for innbyggjarar i kommunen og personar som ikkje er busette i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge, jf. ekteskapslova § 12 a.  Brudefolka må elles oppfylle vilkåra ekteskapslova set for å inngå ekteskap.

Erklæring og attestar

Før de kan gifte dykk må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølve fylle ut og sende inn ein del skjema, desse kan lastast ned på www.skatteetaten.no. Behandlingstida er 2-3 veker.

Dersom alt er i orden, mottek de ein prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra. Denne prøvingsattesten er gydlig i fire månadar, og vigsel må gjennomførast innan utløpsdatoen på attesten. Original attest skal sendast/leverast til Giske kommune seinast 14 dagar før vigselen.

Bestilling av tidspunkt

Bestilling kan gjerast ved å ringe til vårt sentralbord på tlf. 701 88 000, eller sende ein e-post til post@giske.kommune.no.

Kommunen arrangerer vigsel kvar fredag i tidsrommet mellom kl. 1100 og 1400. Tilgjengelege lokaler er ordførarkontoret, som kan ta imot max. 8 personar i brudefølgjet, og kommunestyresalen.

(Unntak: I fellesferien vert det arrangert vigsel fredagane i veke 27 og 30. Det vert ikkje gjennomført vigsel mellom 23.desember og 2.januar eller i påska.)

Bestilling kan gjerast frå seks månadar og seinast fire veker før ønska vigselstidspunkt, men detaljar blir endeleg avtala når kommunen har motteke prøvingsattest og vigselen nærmar seg.

Sjølve vigselen tek om lag 10 minutt, men om brudefølgjet ønsker andre innslag under seremonien, kan dette avtalast på førehand.

I Giske kommune er det desse som har mynde til å utføre vigslar:

  • Ordførar Harry Valderhaug
  • Varaordførar Kåre Sæter
  • Kommunedirektør Dag Olav Tennfjord
  • Kommunalsjef Lene Bjørlo Overå
  • Kommunalsjef Åse Elisabeth Skjærseth
  • Stableiar Kultur, service og næring Hilde Kristin Røsvik
  • Gurcharan Singh Gulati - Giske fysio- og manuellterapi
  • Maria Hauge Blindheim - Giske ungdomskule
  • Britt Giske Andersen - tidlegare varaordførar
  • Ingvild Nautvik - vigselsansvarleg i Giske kommune

Gebyr

For vigselspar der ein av partane er folkeregistrert i kommunen er vigselsen gratis. For vigselspar som ikkje er folkeregistrert i kommunen vert det belasta kr. 1650,-. For vigsel utanfom ordinær vigselstid eller vigselsrom som får særleg konsekvens for vigslaren sin arbeidsdag, eller for vigsel i helg, vert det belasta kr. 3150,-. Andre utgifter, leige av anna lokale, musikkinnslag eller ekstra pynting vert dekt av vigselsparet.

Legitimasjon

Brudefolka må vise gyldig legitimasjon før sjølve seremonien startar.  Vi godtar pass, norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer.

Språk

Vigselen kan gå føre seg på norsk og engelsk. Dersom brudefolka ikkje forstår desse språka, må dei sjølve ordne med kvalifisert tolk for eiga rekning.

Andre ønsker

Dersom brudefølgjet har andre ønsker til tidspunkt, stad eller anna, vil det vurderast i kvart enkelt høve om det vert påløpande kostnadar som skal dekkjast av brudefølgjet.