Betre varsling frå teknisk om akutte hendingar

Teknisk sektor i kommunen har tatt i bruk eitt nytt varslingssystem der dei kan målrette f.eks. varsling om vass-avstenging mot bustader innanfor avgrensa område på kartet. Det vert sendt ut melding på SMS, opplest talemelding og epost.

Dette vil gjere det enklare for administrasjonen å målrette meldingar som berre gjeld enkelte bustadområde, og innbyggarane får tilpassa informasjonen etter der dei bur.

Sjå eksempel frå dagens varsel her.