Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt beste | Fotograf: Haram kommune Haram kommune Sist endra 03.07.2025 14.45
Vaksinering hausten 2023 Giske kommunale legesenter tilbyr vaksine mot både korona og influensa denne hausten. Publisert 27.09.2023 kl. 10.50
Dette er det nye kommunestyret Den 19. oktober skal det nye kommunestyret konstituerast. Det er 23 medlemmar i kommunestyret. Publisert 13.09.2023 kl. 18.57
Samtalegruppe for pårørende til personer med demens Samtalegruppe for pårørende til personer med demens/kognitiv svikt Oppstart 06.11.2023 4 samlingar frå kl 13:30-15. Datoer: 06.11, 13.11, 20.11 og 04.12 ... Publisert 13.09.2023 kl. 10.40
KrF størst igjen Etter foreløpig opptelling er det Kristelig folkeparti som har fått flest røyster i Giske kommune. Publisert 12.09.2023 kl. 09.31
Jamnt i toppen Framskrittspartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti er dei største partia når førehandsstemmene er telt opp. Publisert 11.09.2023 kl. 21.17
Her får du valresultata Etter at vallokala stenger over heile landet klokka 21.00 i kveld, mandag 11. september, kan du følge med på valresultatet her. Publisert 11.09.2023 kl. 14.22
Øving flyplassen Det pågår no ei større øving i området rundt Ålesund lufthamn, Vigra. Publisert 05.09.2023 kl. 18.04
Giske kommune lanserer Friskus aktivitetskalendar Giske kommune har nyleg publisert den digitale aktivitetskalendaren Friskus på heimesida. Dette bli gjort for å stimulere til fleire møteplassar i kom... Publisert 04.09.2023 kl. 10.22
Fristen for spelemidlar nærmar seg Idrettslag, velforeiningar og andre godkjente lag kan søkje spelemidlar til å bygge og rehabilitere anlegg og område for idrett, friluftsliv og fysisk ... Publisert 31.08.2023 kl. 09.05