Opning av ungdomsklubben ØY’NE
Tysdag 24. september kl 18 vert det opning av ungdomsklubben ØY’NE. Alle er velkomne til å ta del i opninga!
Stad: Valderhaug 6, 6050 Valderøy (Brakkene ved sidan av Rådhuset)
Ordførar Kenneth Langvatn vil stå for den offisielle opninga, saman med leiar av ungdomsrådet. Det vil bli lett servering, kulturelt innslag og høve til å sjå seg rundt på klubben. Ungdomsarbeider Veronica Fauskan skal stå for den daglege drifta av klubben. «Eg gler meg til å kome i gang, dette har vi venta lenge på! Ungdommane våre fortener ein plass å kunne kome saman. Eg håper foreldre og andre frivillige vil støtte opp om drifta av klubben», seier Veronica.
Den ordinære drifta tek til veka etter opninga, onsdag 2. oktober. Klubben vil starte med å halde ope på onsdagar frå kl 18 til 21. Det er plan om å utvide tilbodet på sikt.
Ungdomsklubben ligg på Valderøya ved parkeringsplassen mellom Giske rådhus og Giske kommunale idrettshall
Friskus - Åpning av ungdomsklubben - Arrangement
UngdomsklubbenVeronica Foto: Øyblikk
Øyblikk
Sist endra 27.09.2024 11.46