1,5 mill kr til barne- og ungdomsaktivitetar.

 

Bilde av Ernst Valderhaug ved kontorpulten. - Klikk for stort bilete

Giske kommune har fått innvilga søknad om pengar til fritidsaktivitetar for barn og unge. Til saman 1.450.000 kroner fordelt over tre år er tildelt kommunen.

 

- Dette er ein bra dag på jobben, seier leiar av Frivillegsentralen Ernst Valderhaug.  

Pengane skal blant anna brukast til å sette i gong opne møteplassar og ferieaktivitetar i sommar.

- Dette er godt nytt for alle som bur i Giske kommune. Det har vore etterspurt fleire tilbod for unge dei siste åra. Dette vil vere med på å gi barn og unge meir å velge mellom. I august får vi også ungdomsarbeidar på plass. Dette skal bli bra, seier Hilde Røsvik, stabsleiar for Kultur, service og næring.  

Administrasjonen ved Ernst Valderhaug, Frivilligsentralen, Ingvild Nautvik, kultur og styret i Frivillegsentralen ved Kåre Sæter stod bak søknadene som blei innvilga av Bufdir.  

Bufdirs vedtak:

2023: 600 000 
2024: 470 000
2025: 380 00