Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Les meir Sist endra 09.07.2025 10.43
Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 31. oktober startar ei landsdekkjande kampanjev... Publisert 31.10.2022 kl. 12.44
Omstilling innan pleie og omsorg Giske kommune jobbar med å følgje opp kommunestyrevedtaket om Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Eit større omstillingsprosjekt pågår... Publisert 24.10.2022 kl. 16.16
Til lag og organisasjonar: Søk om inkluderingsmidlar Søknadsfristen for 2023: 18. november 2022. Søknader som kjem inn etter fristen kan avvisast. Publisert 21.10.2022 kl. 10.27
Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte Straumstøtten kan gis til frivillige lag og organisasjonar. Søknadsfristen er 16. november 2023 klokka 13.00. Publisert 21.10.2022 kl. 09.24
Influensavaksine til risikogrupper og dei over 65 år Giske kommunale legesenter mottar influensavaksina i veke 42 og starter dermed med vaksinering 19. oktober. Ein kan bestille time her. Publisert 06.10.2022 kl. 13.16
Giske kommune på 3. plass i fylket Kvart år rangerer NHO kommunane i landet etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetan... Publisert 03.10.2022 kl. 13.28
Nye Giske ungdomsråd søkjer medlemar! Denne hausten skal nye engasjerte og unge rekrutterast til Giske ungdomsråd. Publisert 29.09.2022 kl. 10.27
Brann på Valderøya Eit hus på Øvre Nordstranda på Valderøya brann ned til grunnen søndag kveld. Mannskap frå alle naudetatar kom raskt til staden. Publisert 25.09.2022 kl. 22.41
Slik kan Gjøsund fiskerihamn og industriområde bli Giske kommune og Gjøsund utvikling AS har samarbeida om å få laga ein digital tvilling som viser Gjøsund hamn og industriområde. No er filmen klar. Publisert 23.09.2022 kl. 15.03