Vegstenging Ådalsvegen måndag 18. mars til torsdag 21. mars

Giske kommune skal gjennomføre grunnundersøking ved Ådalsvegen på Godøya i neste veke.  Arbeidet vil starte måndag 18. mars og er planlagt ferdig torsdag 21. mars. Arbeidet vil vare frå klokka 08:00-18:00 alle dagane.  Ådalsvegen vil dermed vere strengt for gjennomkøyring måndag til torsdag i tidsrommet 08:00-18:00 neste veke.

 

Vegstenginga vil bli plassert slik at den ikkje hindrar tilkomsten til nokon av bustadane langs Ådalsvegen. Tilkomst til idrettshallen frå nord vil ikkje bli hindra.