Delesøknadar

Frådeling av nye eigedomar eller tilleggsareal er søknadspliktig tiltak etter plan og bygningslova.

Dersom det skal opprettast ein sjølvstendig grunneigedom med eige gardsnummer (gnr.) og bruksnummer (bnr.) – er det nok å nytte skjemaet Søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning.  Dette gjeld typisk for frådeling av bustadtomter, næringseigedomar m.m. som seinare skal overskøytast til ny eigar ved sal.

Søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal nabovarslast. Nabovarsling og e-nabovarsling finn du på kommunen sitt e-torg. Kvittering skal følgje delesøknaden. 

Det skal leggast ved kart over parsellen som skal frådelast. Kart kan bestillast frå E-torg og sjåast på kommunekart.com. Skisser inn grensene for den nye eigedomen. Kompletter gjerne med å målsette grenslinene.

Dersom det kun er eit mindre areal som skal frådelast, kan overdraginga skje gjennom arealoverføring. Arealet vert då overført- og lagt til den mottakande eigedomen – utan at ein treng å utstede skøyte. Ved arealoverføring skal ein, i tillegg til det ordinere søknadskjemaet, fylle ut skjema for arealoverføring.

Delesak/søknad om frådeling etter jordlova:

Landbrukskontoret ved Helga Færøy i Ålesund kommune. Førespurnadar utover rein veiledning bes avklart i møte etter nærare avtale. Ta kontakt med Helga på epost helga.faeroy@alesund.kommune.no

Frådeling av landbruksareal eller areal til LNF-føremål:

Frådeling av landbruksjord, eller areal som i kommuneplanens arealdel er avsett til (LNF- område) skal i tillegg til plan og bygningslova også handsamast etter jordlova. På same måte som for ordinere frådelingar, skal ein nytte skjemaet Søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning.

Søknaden skal og handsamast etter plan- og bygningslova. Søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal nabovarslast. 

Det skal leggast ved kart over parsellen som skal delast frå. Kart kan bestillast frå kommunes sitt e-torg. Skisser inn grensene for den nye eigedomen. Kompletter gjerne med å målsette grenslinene.

Kartinformasjon om arealforhold m.m:

Dersom du ønskjer å vite kva for arealklasser din landbrukseigedom  er registrert med, kan du gå inn på gårdskart og gjere oppslag på den aktuelle eigedomen. Her vil du finne informasjon om arealtype, treslag, skogsbonitet og grunnforhold som er registrert på eigedomen/driftseininga (Ved oppslag: kommunenummeret til Giske er 1532).