Eigedomsskattekontoret

Eigedomsskattekontoret er ansvarleg for utskriving og handsaming av forhold rundt eigedomsskatten. Alle spørsmål vedr. eigedomsskatt skal rettast hit.

Eigedomsskattekontoret vart etablert i 2014 i samband med at Giske kommunestyre i budsjettvedtak for 2013 (sak 143/13)vedtok å innføre eigedomskatt på alle fast eigedom frå 1. januar 2014.

Skattesatsen vart sett til 2 promille i 2014, og kommunestyret vedtok ikkje bruk av botnfrådrag. 

Giske kommune nyttar bustadverdi (formuesgrunnlag) frå skatteetaten som grunnlag for fastsetting av skatten.

Eigedomar som ikkje har bustadverdi (formuesgrunnlag) frå skatteetaten vert takserast i medhald av eigedomsskattelova § 8a-2.  Fritidseigedomar og bustad på landbrukseigedomar vert også taksert. Det same gjeld eigedomar der det berre står garasje, uthus eller naust, samt ikkje utbygde eigedomar.

Bruk av bustadverdi (formuesgrunnlag)

Ved utskriving av eigedomsskatten skal kommunen redusere bustadverdien ved å multiplisere han med 0,70 i år 2023. Skattesatsen er 3 promille.

Døme på utrekning av skattegrunnlag for eigedomar med bustadverdi (formuesgrunnlag):

Likningsverdi frå sjølvmelding 2020 = 1.000.000 

Bustadverdi = 4x 1.000.000 (Likningsverdi) = 4.000.000 

Grunnlag for eigedomsskatt = 4.000.000 (Bustadverdi) x 0,70 = 2.800.000 

Berekna eigedomsskatt for 2023 = 2.800.000 x 0.003 = 8400 kroner i eigedomskatt for 2023. 

Takserte eigedomar

For eigedomar som skal takserast, er det utarbeida eigne takseringsreglar for arbeidet: «Rammer og retningslinjer for taksering i henhold til lov om eigedomsskatt».

Taksten er gjeldande i 10 år, medan kommunestyret fastset årleg botnfrådrag og skattepromille.

Sjå Rammer og retningslinjer for taksering i Giske kommune (PDF, 6 MB) for meir informasjon. 

Klagehandsaming

Om ein bustadeigar meinar utskreven eigedomsskatt er feil, kan ein klage på denne. Reglar for klagebehandling kjem fram i eigedomsskattelova § 19.

Klager som gjeld eigedomsskatt utskreven på grunnlag av bustadverdi (formuesverdi) skal rettast til Skatteetaten:

                Skatteopplysninga, telefon:  800 80 000
                Skatt Midt-Norge, postboks 2060, 6402 Molde

Klager som gjeld takserte eigedomar vert behandla av sakkunnig nemnd. Dersom klaga ikkje vert teken til følge av sakkunnig nemnd, vert saka sendt vidare til sakkunnig klagenemnd.

Klagene vert behandla ut frå Giske kommune sine eigedomsskattevedtekter § 5.3 – 5.5.

Det er viktig å presisere at sjølv om ein klager på eigedomsskatten , skal eigedomsskatten betalast ved forfall. Ved medhald i klaga, skal tilgodehavande betalast tilbake. Eventuelt tilleggsbeløp vert innkravd ved neste faktura.

Søknad om fritak

Det kan søkast om fritak for eigedomsskatt. Søknad sendast til Giske kommune v/eigedomsskattekontoret, og vert deretter lagt fram for formannskap og kommunestyre for endeleg vedtak.
 
Kontaktinformasjon:

Giske kommune
Rådhuset, Valderhaug 4
6050 Valderøya
E-post: post@giske.kommune.no