ENDRE TERRASSE, ALTAN, BALKONG, ELLER VERANDA

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge endring av terrasse/platting, altan/takterrasse, balkong eller veranda/vinterhage.  

Terrasse, eller platting, er ein konstruksjon med opphaldsareal over bakkenivå, ofte med ei dør inn i bygningen (stove e.l.) og trapp til terreng. 

Altan/takterrasse er ein ikkje-overbygd opphaldsplass på tak, med rekkverk. 

Balkong er ein utstikkande/utkraga og open opphaldsplass, med dør inn i bygningen. Med rekkverk og utan understøttelse. 

Veranda/vinterhage er ein open eller overbygd opphaldsplass, kan vere understøtta og eventuelt vere lukka med glasveggar. 

 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er:  

  1. søknadspliktig eller ikkje,  her under om du kan: 
    - søke sjølv eller, 
    - leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

  2. i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom. 

Søknadspliktig eller ikkje?

Vi har utarbeidd to dokument som det er lurt at du lagrar på din private data, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.  

Det eine dokumentet illustrerer krava i tabellen under. Det andre dokumentet kan du notere i, undervegs i planlegginga.  

Generelle illustrasjonar (PDF, 314 kB)

HJELPEDOKUMENT_ENDRE_TERRASSE_ALTAN_BALKONG_VERANDA (DOCX, 32 kB)

 

I tabellen under ser du om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje. Er det søknadspliktig må du gå vidare til neste tabell. 

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve. 

 

Terrasse/platting på bakkenivå 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

Høgde over bakken 

Endring av terrasse/platting på bakkenivå er ikkje søknadspliktig. «På bakkenivå» betyr at terrassegolvet ikkje på nokon stad ligg høgare enn 1,0 m over terreng   

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd, og da må du gå vidare til neste tabell for å sjå om du kan søke sjølv eller om du må ha ein fagperson til å søke for deg. 

 

 

 

I tabellen under ser du om du kan søke sjølv eller om du må ha ein fagperson til å søke for deg 

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve. 

Kolonne 3: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand. 

Terrasse/platting 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

Bebygd areal (BYA) 

Totalt areal etter endringa er mindre enn 15 m² 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Totalt areal etter endringa er mindre enn 50 m²  

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Understøtta og festa til bakken 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til nabogrense 

4 m, men avstand kan vere 3 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

4 m, men avstand kan vere 3 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til bygg på naboeigedom 

8 m, men avstand kan vere 7 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

8 m, men avstand kan vere 7 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

 

Altan/takterrasse 

 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg 

 

 

 

Balkong 

 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg 

 

 

 

Veranda/vinterhage 

 

 

I tabellen under ser du om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv eller om du må ha ein fagperson til å søke for deg 

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve. 

Kolonne 3: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand. 

Veranda/vinterhage 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

Bebygd areal (BYA) 

Totalt areal etter endringa er mindre enn 15 m² 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Totalt areal etter endringa er mindre enn 50 m²  

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Bruksareal (BRA) 

Totalt areal etter endringa er mindre enn 15 m²  

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Totalt areal etter endringa er mindre enn 50 m²  

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Understøtta eller festa til bakken 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Innebygd veranda/vinterhage, med glasveggar eller lukka veggar 

Nei, veranda/vinterhage er open og utan veggar 

Ja, men glas/veggar er uisolerte 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til naboeigedom 

4 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

4 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til bygning på naboeigedom 

8 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

8 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan gjere endring på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under.
Regulert føremål

Det første du må sjå på er om grunnen du skal gjere endringa på er regulert til formålet.  

Formålet til eigedomen din finn du i reguleringsplanen. Til dømes er grunn regulert til bustader markert med gul farge i kartet.  Kva den enkelte farge betyr finn du i teiknforklaring på kartet.   

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan. Gul farge viser at grunnen er avsett til bustad. Grøn farge viser friområde. 

Regulering til bustader   
Dersom grunnen er regulert til bustader er kravet om regulert føremål ivaretatt.   
  
Ikkje regulert til bustader   
Dersom grunnen ikkje er regulert til bustader kan det likevel gjerast endringar dersom tiltaket IKKJE er søknadspliktig. 
Er tiltaket søknadspliktig må du søke om dispensasjon.    

NB! Omregulering frå LNF-formål til bustadføremål er svært vanskeleg å få gjennomslag for. Dispensasjonssøknaden må skrivast av ein profesjonell aktør og søknaden må også behandlast av jordlovsmynda.   

    

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med føremålet, må du søke kommunen om dispensasjon.   

Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.   

Grad av utnytting

Ei tomt kan berre innehalde eit visst areal med bygningar. Dette arealet blir kalla bebygd areal (BYA).  

Kor stor del av tomta som kan vere bebygd finn du i reguleringsplanen for din eigedom. Er det ikkje informasjon om %BYA i reguleringsplanen er det %BYA i kommuneplanen som er gjeldande. Det er ikkje tillate å bygge større enn %BYA som er gitt.   

  
  
  

C:\Users\aasnes\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.MSO\CABEBCBA.tmp  

Illustrasjonen viser utsnitt av ein plan der tillaten utnytting på tomta er 30%   

  
Kva er med i bebygd areal (BYA)  

  • Arealet som bygget tar opp i terrenget – det vil seie fotavtrykket målt frå utvendig kledning. 
  • Opne overbygd areal, til dømes carport eller takoverbygg  
  • Utkraga bygningsdelar med fri høgde over terrenget mindre enn 5 meter, til dømes arealet under ein balkong 
  • Konstruksjon som er høgare enn 0,5 meter over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå, til dømes deler av trapp eller terrasse  
  • Biloppstillingsplass (parkering) på terreng, min 18 m2 pr plass, dersom krav til biloppstillingsplassar ikkje er oppfylt i garasje / carport.   

C:\Users\aasnes\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.MSO\6286D4D8.tmp  

Illustrasjonen viser fotavtrykket frå bygg på ein eigedom.   

  

Korleis rekne %BYA: 
Tomta er det arealet av eigedommen som er avsett til bustad i reguleringsplanen. Det er dette arealet du skal legge til grunn når du reknar %BYA. Undersøk om deler av eigedommen er regulert til andre føremål, til dømes vegareal.  Areal som er regulert til anna føremål enn bustader tar du ikkje med når du reknar %BYA.   

C:\Users\aasnes\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.MSO\76D988A6.tmp  

Illustrasjonen viser ein regulert eigedom som har to føremål: (1) bustad er markert med sterk gul farge, og (2) veg er markert med svak gul farge. Arealet som er avsett til veg skal m.a.o. ikkje vere med når ein reknar %BYA.     

Det er ikkje tillate å bygge større enn kva oppgitt %BYA viser (tillaten utnytting). Du må difor finne ut kor mykje det som allereie er bygd på tomta utgjer i  %BYA. Du kan bruke formelen vist under.   

  

C:\Users\aasnes\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.MSO\712043A4.tmp  

  

Når du har rekna eksisterande %BYA på tomta i dag, og samanliknar med totalt tillaten %BYA finn du kor stort areal du har igjen å bygge på.     

Vi anbefaler at du set deg godt inn korleis ein reknar utnyttingsgrad, og nettsida under gir nyttig informasjon.    

Regjeringen.no    

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å bygge i strid med tillate grad av utnytting må du søke kommunen om dispensasjon.   

Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.    

Byggegrense

I reguleringsplanen ser du om eigedommen du skal bygge på har byggegrense.    

llustrasjonen viser byggegrense.  

Der byggegrense er teikna inn:   
Er det byggegrense på eigedommen er det eit krav om at heile tiltaket blir plassert innanfor den oppgitte byggegrensa. Det er ikkje tilstrekkeleg at deler av tiltaket er innanfor byggegrensa.   

Byggegrense er IKKJE teikna inn:   
Dersom eigedommen ikkje har byggegrense, noter det, gå vidare og sjekk dei neste krava.   

  
Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med byggegrense må du søke kommunen om dispensasjon.   

Skriv ned at du kjem i konflikt med byggegrensa. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.    

Byggeskikk

Byggeskikk definerer form, funksjon og materialval på bygningane i området du skal gjere endring. Byggeskikken i eit område er ofte utforma over tid, og definerer «skikk og bruk» i ei bygningsmessig forståing.   

Dømer på byggeskikk er møneretning, takform, og utforming / utsjånad på bygningane for eit spesifikt område.    

 

 

Illustrasjonen viser brot i byggeskikk.     

  
Giske kommune har satt føringar for byggeskikk både i kommuneplanen og enkelte reguleringsplanar.   
Er det motstridane føringar i planane er det den nyaste planen som gjeld.    

C:\Users\aasnes\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.MSO\EBE84F17.tmp 

Illustrasjonen  viser døme på reglar for byggeskikk i ein plan.    

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med krav til byggeskikk der det er satt føringar for dette må du søke kommunen om dispensasjon.   
Skriv ned at du kjem i konflikt med reglar om byggeskikk. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.   

   

NB! Det er ikkje mogleg å dispensere frå reglane om estetikk i plan – og bygningslova §§ 29-1 og 29-2, og tiltaket må ev. endrast.   

Avstand frå sjø og vassdrag

Det er eit krav om at tiltak ikkje kan plasserast nærare sjø og vassdrag enn 100 meter jf. plan – og bygningslova § 1-8.     

Sjekk i reguleringsplanen for din eigedom, eller i kommuneplanen, om det er byggegrense på eigedommen.     

Byggegrense er teikna inn:   
Er det byggegrense på eigedommen, og heile tiltaket blir plassert innanfor byggegrensa, er kravet om avstand frå sjø og vassdrag teke i vare.     

Byggegrense er IKKJE teikna inn: 
Dersom eigedommen ikkje har byggegrense er det kravet om 100 meter avstand frå sjø og vassdrag som gjeld. Mål frå tiltaket sitt næraste punkt mot sjøen og ut til kystkonturlinja. Den blå stipla linja langs sjøkanten i illustrasjonen under er kystkonturlinja.  

  

Illustrasjonen viser byggegrense mot sjø og vassdrag (svart stipla linje), og kystkonturlinja (blå stipla linje)  

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med avstandskravet må du søke kommunen om dispensasjon.   
Skriv ned at du kjem i konflikt med avstandskravet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis du søker dispensasjon vil du få seinare.    

Veg

Det er fleire krav kring veg som må bli overhalde når ein skal gjere endring på eit tiltak.   

Avstand frå offentleg veg  
Det er ulike krav om avstand frå offentleg veg. Sjekk først i reguleringsplanen om det er byggegrense på eigedomen.    

 

Illustrasjonen viser byggegrense mot veg.       

Byggegrense er teikna inn:  
Er det byggegrense på eigedomen, og hele tiltaket blir plassert innanfor byggegrensa, er kravet om avstand frå offentleg veg ivareteke.   

 
Byggegrense er IKKJE teikna inn:  
Er det ikkje byggegrense på eigedomen gjeld krav om avstand til offentleg veg som er vist i tabellen under.  

Avstanden skal målast frå tiltaket sitt ytterpunkt og til vegens midtlinje.  

 

Veg 

Avstand  

Gang- og sykkelveg 

Min. 15 meter 

Kommunal veg 

Min. 15 meter 

Fylkesveg 

Min. 50 meter 

Riksveg 

Min. 50 meter 

 

Tilkomst  
Det er krav om at eksisterande vegtilkomst til eigedomen blir nytta. Vegtilkomsten må elles vere i samsvar med det som står i reguleringsplanen.  

 
Utkøyring i veg 
Det er krav om at all manøvrering inn- og ut av garasje og parkeringsplass skal skje slik at ein unngår rygging eller vending på offentleg veg.  
Plasserer du garasje/parkeringsplass innanfor byggegrense på eigedomen der dette finnast, er krav til utkøyring i veg normalt sett ivareteke.  

 
Frisiktsoner 
Det er krav om fri sikt til veg, gang- og sykkelveg. Desse krava er med på å trygge sikkerheita til syklistar, gåande eller andre som ferdast i trafikken. Sjå i reguleringsplanen om det er teikna inn siktlinjer. Desse definerer  frisiktsoner for utkøyrselen på eigedommen. Det er ikkje lov å plassere tiltaket i frisiktsona for avkøyrselen. 

 

Illustrasjonen viser siktlinjer.  

Dersom det ikkje er gitt siktlinjer i reguleringsplanen er det normene til Statens vegvesen som skal følgast. Sjå utdrag under:     

STATENS VEGVESEN - Frisiktsone mot gang- og sykkelveg 
Dersom inn- og utkøyrselen kryssar ein gang- og sykkelveg, vil kravet til frisiktsone vere som vist i illustrasjonen under. Står du 3 meter inn i utkøyrselen, skal du ha fri sikt 30 meter begge vegar langs gang- og sykkelvegen. Det er ikkje tillate med hekk eller gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Sjå alternativ 1 i illustrasjonen under.  

Alternativt kan hekk og gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan plasserast som vist i alternativ 2 i illustrasjonen under.  

 

Illustrasjon: Statens vegvesen NB! Frisiktsona bør utvidast dersom gang- og sykkelvegen hellar, og syklistane held høg fart forbi inn- og utkøyrselen. 

STATENS VEGVESEN - Frisiktsone mot veg 
Dersom inn- og utkøyrselen munnar ut i ein veg, vil kravet til frisiktsone vere som vist i illustrasjonen under. Står du 4 meter inn i utkøyrselen, skal du ha fri sikt 20 meter begge vegar langs vegen viss fartsgrensa er 30 km/t. Frisiktsona vil auke med økt fartsgrense, sjå illustrasjonen under. Det er ikkje tillate med hekk eller gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Alternativt kan hekk og gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan plasserast som vist i illustrasjonen under. 

  

Illustrasjon: Statens vegvesen    

Dispensasjon 
Det blir ikkje gitt dispensasjon frå krav om siktlinje.  

Dersom eigedomen din er regulert eller har byggegrense mot veg i reguleringsplan eller kommuneplan er det kommunen som behandlar søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Kommunen sender saka på høyring til Statens vegvesen og Fylkeskommune dersom det er riksveg eller fylkesveg. 

Dersom eigedomen din ikkje er regulert og/eller ikkje har byggegrense mot veg er det den som er vegeigar som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg.  

  • Grensar eigedomen din til kommunal veg er det kommunen som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Søknad og vedlegg kan sendast på e-post til post@giske.kommune.no 

Avstand frå kommunale vatn- og avløpsleidningar

Det er krav om at avstanden frå tiltaket sin ytre del til kommunale vatn – og avløpsleidningar ikkje skal vere under 4 meter.  
Kravet om avstand er for å sikre enkel tilkomst til kommunale vatn – og avløpsleidningar i dei tilfelle vedlikehald eller reparasjonar er naudsynt.  

NB! Det kan ligge både kommunale- og private vatn- og avløpsleidningar i grunnen som ikkje er markert på kartet. Det er viktig å vere på vakt når du grev.  

Uttale frå kommunen 
Dersom du ønsker å bygge i strid med avstandskravet må du:    

1. 

Kontakte fagperson (ansvarleg prosjekterande) for å få prosjektert ei løysing med teikningar og argumentasjon som tydeleg viser at enkel tilkomst til dei kommunale vatn – og avløpsleidningane vert oppretthaldt. Løysinga må også vise at det ikkje vil føre til unødvendige skader, sjølv om kravet på 4 m ikkje blir innfridd.    

2. 

Fagperson (ansvarleg prosjekterande) sender dokumentasjonen til postmottak i kommunen. Dette må gjerast før det eventuelt blir sendt inn ein formell byggesøknad.  

 

Opplys om namn, kontaktinformasjon, gards- og bruksnummer, og at det gjeld uttale om kommunale vatn- og avløpsleidningar. 

3. 

 Saksbehandlar ved kontor for vatn – og avløp i kommunen handsamar saka. Gjennomsnittleg handsamingstid er 2 veker. 

4. 

Dersom kommunen ikkje godkjenner løysinga må du endre byggeplanane dine slik at avstandskravet vert innfridd.  

 

Dersom kommunen godkjenner løysinga må dokumentasjonen du får frå kontor for vatn – og avløp leggast ved når byggesøknaden formelt vert sendt til kommunen.  

 

Brannkrav

Det er ulike krav om avstand frå andre bygg både på eigen eigedom og på naboeigedom. Avstandskrava blir bestemt ut ifrå totalt bruttoareal og bruken av bygningane. Bruttoareal er areal for alle etasjar i bygningen, rekna frå yttervegg. 

Brannspreiiing mellom byggverk skal forebyggast og krav til avstand mellom to bygningar er vist i tabellen under. Dersom ein ikkje oppfyller avstandskrav er tiltaket søknadspliktig. 

Dersom tiltaket skal nyttast til bustad (bueining eller overnatting), eller har rom for varig opphald, er avstandskrav til andre bygningar alltid 8 m. Då er tiltaket søknadspliktig, ein fagperson må søke for deg, og du må ha ein ansvarleg prosjekterande som ivaretar branntryggleiken i tiltaket. 

Tabellen viser avstandskrava, og kva brannkrav som må oppfyllast dersom ein ikkje har tilstrekkeleg avstand:   

 

 

Bruttoareal 

 

Under 50 m2 

50 – 400 m2 

Over 400 m2 

Avstand til andre bygningar på eigen eigedom (L1) 

INGEN KRAV 

Min. 8 m 

Min. 8 m 

Avstand til andre bygningar på nabotomta (L2) 

Min. 2 m 

Min. 8 m 

Min. 8 m 

Brannskille som alternativ til avstandskravet 

Då er tiltaket søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg. 

Minst EI 30 (B30) 

Minst EI 60 (B60) 

Minst EI 90 A2-s1,d0 (A90) 

l1 og l2 

 

Bygning med areal under 50 m2 
Illustrasjonen over viser ein bygning (garasje) som har eit bruttoareal under 50 m2. Det er ikkje krav om minsteavstand mellom garasjen og andre bygningar på eigen eigedom. (L1)  
Avstanden til bygningar på naboeigedomen (L2) er over 2 meter, og avstandskravet er innfridd.  

Dersom avstanden frå garasjen til bygning på naboeigedom (L2) er mindre enn 2 meter, må ein av bygningane brannsikrast med bygningsdelar som til saman har ein brannmotstand minst EI 30. Dette tiltaket krev at du søker kommunen om løyve, ein fagperson må søke for deg, og du må ha ein ansvarleg prosjekterande som ivaretar branntryggleiken i tiltaket. 

Bygning med areal større enn 50 m2, men mindre enn 400 m2 
Dersom bygningen (garasjen) i illustrasjonen over har eit bruttoareal mellom 50 - 400 m² er det krav om at avstanden mellom denne bygningen (garasjen) og andre bygg både på eigen eigedom og naboeigedomar (L1 og L2) er større enn 8 meter, då er det ingen krav til brannsikring.  

Dersom avstanden mellom bygningane (både L1 og L2) er mindre enn 8 meter, må det brannsikrast med bygningsdelar som til samen har brannmotstand minst EI 60. Dette tiltaket krev at du søker kommunen om løyve, ein fagperson må søke for deg, og du må ha ein ansvarleg prosjekterande som ivaretar branntryggleiken i tiltaket. 

Bygning med areal større enn 400 m2 
Dersom bygningen (garasjen) i illustrasjonen over har eit bruttoareal på meir enn 400 m² og avstanden mellom bygningane (L1 og L2) er mindre enn 8 meter, må det brannsikrast med bygningsdelar som til samen har brannmotstand EI 90 A2-s1,d0 . Dette tiltaket krev at du søker kommunen om løyve, ein fagperson må søke for deg, og du må ha ein ansvarleg prosjekterande som ivaretar branntryggleiken i tiltaket. 

Omsynssoner

Sjekk om det er teikna inn ei eller fleire omsynssoner på eigedomen du skal bygge på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i kommuneplanen.   
Ta kontakt med kommunen for å få rådføring om den vidare prosessen dersom eigedommen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å opplyse om gards- og bruksnummer og kva det gjeld.   

  

Illustrasjonen viser døme på omsynssoner i kommuneplanen.     

  

 

 

 

Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

Naturfare - kvikkleire

Dersom eigedommen ligg i eit område med naturfare må du dokumentere tilstrekkeleg sikkerheit mot fare før du sender inn søknaden. Du finn meir informasjon om aktsemdsområda og krav til dokumentasjon her: Kvikkleire og aktsemdsområde

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

Må søke kommunen om dispensasjon og byggeløyve

         Ønsker å søke kommunen om dispensasjon         

                Må søke kommunen om byggeløyve                

         Kan bygge utan å søke kommune om løyve            

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.