ENDRE TERRASSE, ALTAN, BALKONG, ELLER VERANDA

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge endring av terrasse/platting, altan/takterrasse, balkong eller veranda/vinterhage.  

Terrasse, eller platting, er ein konstruksjon med opphaldsareal over bakkenivå, ofte med ei dør inn i bygningen (stove e.l.) og trapp til terreng. 

Altan/takterrasse er ein ikkje-overbygd opphaldsplass på tak, med rekkverk. 

Balkong er ein utstikkande/utkraga og open opphaldsplass, med dør inn i bygningen. Med rekkverk og utan understøttelse. 

Veranda/vinterhage er ein open eller overbygd opphaldsplass, kan vere understøtta og eventuelt vere lukka med glasveggar. 

 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er:  

  1. søknadspliktig eller ikkje,  her under om du kan: 
    - søke sjølv eller, 
    - leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

  2. i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom. 

Søknadspliktig eller ikkje?
Andre krav kan også sette grenser for om du kan gjere endring på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under.
Regulert føremål
Grad av utnytting
Byggegrense
Byggeskikk
Avstand frå sjø og vassdrag
Veg
Avstand frå kommunale vatn- og avløpsleidningar
Brannkrav
Omsynssoner
Andre krav?
Naturfare - kvikkleire

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

Må søke kommunen om dispensasjon og byggeløyve

         Ønsker å søke kommunen om dispensasjon         

                Må søke kommunen om byggeløyve                

         Kan bygge utan å søke kommune om løyve            

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.